onsdag 25. mai 2011

Endeleg skal det malast!

Har snakka om det lenge, men no skal endeleg den gamle skuffehylla og ei trekvit knaggrekke eg fann på loftet malast:) Eg fann også eit gamalt bilete i kjellaren som eg har malt ein gong og som nok aldri kjem oppatt på veggen. Det får difor sjå lyset igjen i ny drakt som mi skjønne dotter skal sørgje for :)))



Mamma godt nøgd med det ferdige resultatet:) Bort med eit gamalt bilete og opp med det nye kunstverket! :)))) Jippi! 





onsdag 2. februar 2011

Laksewok med nudler

Oppskrifta under er den som eg fann på godfisk.no, men det kjekke var at eg klarte å lage den utan å handle og planlegge på forhånd. Eg tok det eg hadde i skåpet:) Eg hadde "kjappe" nudler som eg berre hadde under kaldt vatn før eg woka dei eit par minutter. Kinakålen og vårlauken vart byta ut med gulrøtter, raud- og purrelauk. Eg hadde heller ikkje fersk chili og ingefær, men brukte pulver. Brukte litt sitron istaden for lime. Eg hadde også i litt søt oystersaus til slutt. Det vart kjempegodt og laksen kan lett bytast ut med kylling viss det er det ein har i hus:)) 









Ingredienser

600 g laksefilet, uten skinn og bein 
200 g nudler 
1 ss peanøtter 
2 stk egg 
0,25 stk kinakål 
1 stk rødløk 
2 stk vårløk 
1 stk chili, rød 
  salt og pepper 

Marinade 
0,25 dl soyasaus 
1 ss fish sauce 
0,5 stk lime 
1 ss ingefær, frisk 
Lag marinaden og la laksebitene ligge i ei stund. 
Ta på salt og pepper og brun laks og peanøtter i woken på høg varme. 
Legg det over på ein tallerken. 
Visp egga og steik det som omelett, hakk det i biter og bland det med laksen. 
Wok grønsakene. Bland alt sammen til slutt. 
Ha i nudlene. 
Dette er også god restemat så lag gjerne stor porsjon 
og ha til lunsj dagen etter :)))

onsdag 26. januar 2011

tirsdag 25. januar 2011

Figgjo..igjen!

Eg rydder, kaster og "dykke ned i" gamle blad for tida:))) Kom over dette eksemplaret frå 2003 (berre litt flau..) Veldig kjekt å lese om servise Sissel frå Figgjo. Har nemnt det før her på bloggen og nemner det gjerne igjen:)


"Sissel" servise frå Figgjo, i lyseblått med kvit relieffdekor, lansert i 1955 og formgitt av Ragnar Grimsrud (kr 90 per sett står det her, eg har vorte "lurt" til å kjøpe det for 120 kr ein gong, men pytt sann;)) Er også i lysegult og lysegrønt (det har eg!) 
Trur ein finn det i olivengrøn og rosa også, men det var ikkje nemnt i bladet. Er det nokon i denne bloggverden som vil dele sine bruktfunn? 

tirsdag 11. januar 2011

Det var ein gong ein sommar...



Eg drøymer om varme.. late øyeblikk der ein ikkje gjer noko, ein berre er... 
Eg las ein gong at; "Man må være tilstede i nuet og ta vare på øyeblikkene og dagen i dag. For den eneste tiden som er tapt tid, er den tiden vi ikke er tilstede i." Ja, berre gje meg ein laaang, deilig og varm sommar, så skal eg nyte kvar dag til fulle. Då skal eg halda meg fast og utsetje vinteren lengst mogleg... 

torsdag 16. desember 2010

Brune pinner



Oppskrift på mine pinner

150 gr margarin
200 gr sukker
2 eggeplommer
1 ss lys sirup
1/2 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
300 gr kveitemjøl

Pensling & dryss
1 vispa egg
perlesukker
hakka mandler

175 grader i ca 10 min

Rør smør og sukker kvitt. Ha i eggeplomme og rør godt. Tilsett sirup. Sikt saman kveitemjøl, vaniljesukker, natron og kanel. Bland og rør godt. 

Denne oppskrifta gjev smidig deig å jobbe med. Velbekomme! :)